dodofuglens nebbete notater

«Satana», av Jacob Sande

Posted in lyrikk by Arnfinn Pettersen on 13.06.09

untitledEg trudde mest at Satan var ett mannfolk eg, før
eg såg han som alle dei hine,
som ein trolldiger gubbe med horn og med klør,
og med hestehov på føtane sine.
Men i natt fekk eg sjå den personen slik han er,
med ein underleg, gåtefull smil kom han meg nær,
og då brått fekk eg anna å finne,
for då såg eg at Satan var ein kvinne.

Med ein løyndomsfull dragnad inn i augo ho såg meg,
til mitt hjarta som i feberrus brende,
og eg skalv for den trolldom som i augo hennar låg,
medan veik i hennar vald eg meg kjende.
Kvar ein tanke som eg tenkte til sitt upphav dei batt,
dei var mykje som ein skuggesvart endelaus natt,
men det loga og blenkte på botn,
liksom kveldsol i skogsvarte votn.

Eg vart dregen mot den framande med viljelaust sinn,
og eg kjende som i vintunge draumar
hennar blodvarme, bivrande munn imot min,
til eg drukna som i havdjupe straumer.
Og ein dvaletung gløymsla over minnet mitt seg la,
då ho bøyde seg nedover meg og kviskrande sa:
Du er min, du skal fylgje Satana
til det evige store Nirvana.

Advertisements

Én kommentar

Subscribe to comments with RSS.

  1. Svein said, on 15.06.09 at 8:30 pm

    Og hvor var hun i mine ungkarsår, sier nå jeg!


Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: